Raggisland

Ei hjartesukkside

Hemmelege dokument

No kjem dei på rekkje og rad, framlegga frå høgreregjeringa. Ja, eg snakkar om høgreregjeringa, for det er høgrestatsrådane som kjem med framlegga mot nynorsken. Eg trur det finst eit hemmeleg strategidokument som Høgre har laga for denne regjeringbolken. Sjølvsagt finst det slike, men no trur eg eg byrjar å sjå konturane av det. Dei skal opptre sømeleg. Gje og ta litt, ikkje alt er like viktig å få gjennomslag for – med det same. Det som er viktig er kommuneknusing, stengde grenser for innvandring og å verta kvitt nynorsken. Fyrst opnar Clemet for forsøk i sidemålsundervisinga, der elevane slepp å læra nynorsk. (les. Revetal) Etter ei tid med forsøket seier elevane at dei ikkje kan nynorsk når dei kjem på vidaregåande og at dei gjerne skulle lært nynorsk på ungdomsskulen. Clemet oppsummerer forsøket som ein suksess!

So søkjer byrådet i Oslo om å gjennomføra eit forsøk i vidaregåande skule der ingen skal læra nynorsk. Det går ikkje gjennom, for dei må jo he ei kontrollgruppe, dvs at nokon må jo læra nynorsk for å sjå om dei som lærer nynorsk er flinkare til å skriva nynorsk og meir glad i språket enn dei som ikkje lærer det. Det var sikkert ikkje lett for Clemet å avvisa søknaden, men ho måtte vel om ho skulle få sitja vidare.

Det kjem nokre små stikk her og der frå høgreregjeringa, før Kultur for læring kjem. Stortingsmeldinga der Clemet nok ein gong freistar knesetja prinsippet om at elevane lærer meir nynorsk om dei lærer mindre, til dømes om dei slepp å skriva det til eksamen. Men denne doktrinen gjeld berre for nynorsk. Statsråden snakkar høgt og vent om at dette er ei styrkjing av sidemålet, og vil ikkje vera med på at det er ei faktisk nedgradering av statusen til dei eine språket i høve til i dag. Sjølvsagt er det bra med meir og betre undervisning, men det smakar vondt av plasterlappen med eit kompetansesenter for nynorsk i undervisinga, lagt til Volda. I alle høve når sidemålet heller ikkje skal prøvast i vidaregåande skule. Det vert trekkfag.

So kjem påsken og nynorskfolket freistar samla krefter til neste punkt i strategiskissa mot nynorsken skal avslørast. Og dei treng ikkje venta lenge. Onsdag etter påske kjem konkurransetilsynet med ein rapport der fylgjene fort vert at bransjeavtalen fell. Godt nytt for høgreregjeringa som vil ha mest mogleg konkurranse. Kosta kva det kosta vil. Og ved å gå med på å oppheva bransjeavtalen vil ikkje bokhandlarane lenger setja same pris på lærebøkene dei sel i Kirkenes, Lindås og Oslo, og ikkje på bokmål og nynorskbøkene heller. Og kva då med retten til læreboker og andre læremiddel til same tid og same pris på bokmål og nynorsk? Ville vel vore nok ein siger for regjeringa å slå den spikaren hardt og godt i kista dei byggjer.

Men i kveld går det truleg ikkje heilt etter planen. Byrådet i Oslo skal avgjera om dei skal søkja departementet om nok ein forsøksordning om sidemål i osloskulen. Men truleg vert dei ikkje samde. Litt dumt, for venstresida har lagt eit godt framlegg på bordet. Oslo Høgre vil ikkje nok ikkje røysta for eit framlegg som kan koma til å konkludera med at meir undervising fører til større og betre nynorskekunnskapar og mindre nynorsk hat mellom osloelevane. Spanande.

Då er det berre å venta på at neste punktet i det hemmelege strategidokumentet vert avslørt. I mens er det tid for å samla folket og slå sund kistebyggjefreistnaden til høgreregjeringa og knusa framlegga deira i Stortinget og i media.