Raggisland

Ei hjartesukkside

Om å skriva tull

Har du opplevd korleis tekstar stundom kan irritera vitet av deg? Småe setningar som øydelegg alt? Ikkje veit eg, men i dag sat eg til dømes og las om teoriar om 19-års syklusar i meteorologien, slavisk målreising, ordbøker og nordiske språk. Og etter lange saklege, stundom velskrivne bolkar, kjem brått ei av desse flåsete formuleringane som gjer at konsentrasjonen forsvinn og alt stoppar opp. Og slike formuleringar er det visst nok av!

Det er noko med desse som har fått gode posisjonar og lever av skriving. Desse som gjerne påstår at dei meiner lite, men som veit alt? Kanskje er dei redde for å verta for tørre og keisame. Dei elskar i alle høve å koma med slike besserwisser-kommentarar som driv meg til vanvit. Det ligg noko der, oftast altfor tydeleg oppe i dagen, men utan å liksom verta sagt; eg veit noko ikkje du veit! Noko som skal riva ned eller som heilt meiningslaust riv ned eit bilete av ein person. Mest som om eg skulle skrive ei lang utgreiing om favorittskribenten min og til slutt lagt til: ”No kunne eg sjølvsagt nemnt at N.N. har ei utruleg dårleg kroppslukt, men lat ikkje det skugga for det fantastisk nyskapande arbeidet han til ei kvar tid leverer.” Heilt meiningslaust å leggja til, om ikkje poenget er å gje eit ekkelt bilete eller eit inntrykk av at vedkomande er litt galen.

Du les teksten og stoppar opp. I ein brøkdel av eit sekund er du om å trekkja på smilebandet, men i neste vert du mest sint. Frykteleg irritert spør du deg sjølv kva det er som får desse folka til å strøy om seg med slikt?
Eg tenkjer ofte på å knyta dette "fenomenet" til konkrete personar. Kunne kalla det "Per-syndromet" eller noko, men det ville nok vore for omsynsfullt i høve til alle dei andre akademikarsyndarane som lir av same sykja, og kanskje litt urettvist i høve til dei personane eg tenkjer på når eg les slikt.

So oppmodinga mi er: Slutt å øydeleggja lesedagane mine på dette viset! Ver so snille!