Raggisland

Ei hjartesukkside

Kritikk - takk?

Det er ekstra lett å setja seg til doms over andre når ein kosar seg litt over at det ikkje er ein sjølv som vert zooma inn og kritikken er retta mot. Og det er uhyre lett å kritisera andre. Og litt godt. Det gjev ei kjensle av reinsing. Ein får det godt med seg sjølv om ein får hakka litt på folk ein ikkje likar. Særleg om kritikken kjem frå ein talarstol eller til og med får plass i media. Og ein vert enno meir nøgd med seg sjølv om ein meiner kritikken råkar knallhardt! Dei fleste likar å tru at analysane deira er dei beste og mest råkande, og dei fleste likar å tru at dei veit litt meir enn dei eigentleg veit. At dei greier å finna den rette x-en og den rette y-en når dei alt har svaret. Problemet er at det finst mange ulike x-ar og y-ar som kan gje same svaret. Og det hjelper lite å hevda at ein eigne framlegg er dei rette om dei ikkje eller knapt har rot i røynda. Klart det er råd å ta opp kampen om kva x og y burde vore, men det er noko med at denne gongen var x lik 1 og y lik 3, og svaret 4.

Ja, detter høyrer med til den skjulte kritikken. Den dårleg skjulte kritikken faktisk. Sidan eg har byrja med å leggja ut hjartesukk, so tenkte eg å halda fram med det. Men kvifor skjult, om enn dårleg skjult, kritikk? Grunnen til det er vel at ein vil sukka høgt slik at andre kan sjå det, men samstundes gjera seg sjølv uanbegripeleg? (Ja, båe delene) Kanskje er ein litt lei seg for at ein ikkje kom på det geniale sjølv? Kanskje kjenner ein seg uteleten frå å leggja dei store planane som slo til? Og aller helst ville ein sjølv ha gjort dei beste analysane eller vore med på noko andre har fått til. Kanskje?

Somtid er ein moralsk oppkava, og kjenner at det viktig å koma med kritikk. Og stundom er det heilt rett å kritisera. Men nett no stør eg meg til den store, kloke boka som alle, om ein skal tru salstala, eig ei utgåve av. Der står det nemleg noko klokt. (Ja, det er jo den store, kloke boka, so det skulle berre mangla) Det står det ( i Joh. 8, 7) at "[...] - Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen"[...]". Eg trur kanskje opptil fleire hadde ropt litt lågare dersom dei hadde hugsa kva dei lærte på skulen. Ja, på skulen. For desse sinte menneska gjekk faktisk på skulen før KLR. Dei gjekk faktisk på skulen på den tida då ein pugga bibelvers, kanskje til og med med forklaringar. (Eg gjorde berre det fyrste.) Hadde dei hugsa dette verset, hadde dei kanskje òg hugsa korleis det heldt fram: - Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Og so kom det ei formaning til syndaren om å ikkje synda meir.

OK, kvar vil eg med dette? Jau, eg vil eigentleg kasta det i fjeset på dei som hyler og skrik i avisene for heilt lovleg, vanleg strategiarbeid i ein organisasjon - ja, som dei sjølve har gjort gong på gong utan å rynka på nasen. Ja, kanskje hadde det vore enklare og kjekkare å arbeida i organisasjonar dersom det var råd å nå fram med å berre seia det ein meinte på ein talarstol. Men diverre er organisasjonslivet for samansett til at saker kan sjåast isolerte. Og skal ein nå fram i organisasjonar fulle av gamle kamphanar som har innteke skyttargravene sine, og som har kome fram til dei rette løysingane på alt, må ein læra av dei og handla som dei. Kanskje kutta ut dei verste om mest usympatiske metodane deira, men likevel – er reglane lagde må ein spela etter dei for å nå fram. Og kanskje greier ein til og med å forenkla reglane med kvart. Men då vert det bråk. Og slik kunne eg halde fram lenge.

Denne dårleg skjulte kritikken kunne sjølvsagt vorte gjort heilt open. Men eg vil ikkje skriva om dette i aviser eller andre stader. Det er eg heilt open om. Eg vil berre seia frå til dei som les sida mi kva eg meiner. Og for dei er ikkje dette dårleg skjult ein gong. Og hadde eg trudd dei ville lesa meir om det, hadde eg sikkert funne fleire bibelvers og andre vers eg kunne bruka for å illustrera kor patetisk dette har vorte.

Til neste gong, Raggis.