Raggisland

Ei hjartesukkside

Sidemål
Sidemålsstriden har rasa i vinter og høgresida i norsk politikk, ialle høve på austlandet, ser no sitt snitt til å verta kvitt nynorsken i skulen. Eller den skriftlege sidemålsundervisinga, som dei vel kalla det. Det er no sett i gang eit kultur-opprop for sidemål. Oppropet skal overleverast til byråd for utdanning i Oslo tysdag 2. mars. Gjer ein innsats for nynorsken og skriv deg på oppropet! Meir om dette finn du på nynorsk.no. Sjå òg sidene til Noregs Mållag for meir informasjon om saka i Oslo.