Raggisland

Ei hjartesukkside

Puh...!

Eg har pinadø levert!

 

Eg lovar...

For dei av dykk som meiner de treng det, so kan eg no gje dykk ei nynorsk trusvedkjenning eg fann i ein gamal arkivboks frå mållaget. Arket vart ikkje var datert, men truleg stammar det frå tida før krigen. Uansett, eg likar artige ting, og dette går definitivt inn i samlinga mi! Berre les, lær og framfør :)

Eg lovar å vera med i det nynorske målreisingsarbeidet av all mi evne.
Eg vil hjelpa til med å få det norske målet i bruk i skule, kyrkje og styringsverk, og gjera det eg kan til åfå nynorsk lesnad inn i heimane.
Sjølv vil eg nytta nynorsk mest råd er, og det skal vera målblad og annan nynorsk lesnad i heimen min.

 

17. november


Klokka er midt på natta og det er vorte 17. november. Besto har bursdag i dag, men eg trur ikkje eg skal ringja henne før etter at eg har stått oppatt. Skulle nokon syna henne bloggen min: Til lukke med dagen, besta! Eg er glad i deg og kjem snart på vitjing!

Eg er vel ikkje komen veldig mykje lenger i jakta på namn på oppgåva mi, men eg er litt meir positiv no enn eg var i går, med tanke på å verta ferdig nokon gong. Det er vel difor eg framleis sit oppe og skriv.

Eg er no nede i andre gaset med raudvin og eg merkar at vinen fungerer nett som han skal - eg får lyst til å sova. Kanskje skulle eg ha venta ein time til før eg starta, men den intelligente delen av meg (finst den? Det var kanskje den rasjonelle?) meinte vel at eg burde sova litt.

Planen er å sy saman 8 sider til, til ein tekst og senda det frå meg før eg hoppa i køya. Det er utruleg slitsomt å prøva å verta ferdig med ting. Sjølvsagt er det velidg fint å sjå at avhandlinga veks og dei gongene eg torer å sjå på det eg har skrive, hender det at eg tykkjer det er bra òg. Kanskje er det vinen, men kanskje ikkje. No vel eg å tru det siste og so held eg meg i toleg bra humør.

Magnus har kjøpt Donald til meg i dag og det var ein slik fin liten pistol med henteklype på med bladet. Genialt! Og so har eg ete mandariner med Brigt Ove og drukke te i kveld. Det er ikkje dumt med slike pausar i ti-tida om kvelden. Iallfall ikkje når eg veit at eg skal sitja oppe ein del timar til.

Det er ikkje nokon vits i å prøva å dementera at eg er trøytt eller at eg skulle ynskt at eg var ferdig eller vert ferdig til onsdag. Og sidan livet mitt går føre seg innanfor dei fire veggene der eg bur, skjer det ikkje no mykje anna å snakka om heller. Universet mitt er no totalt avgrensa til at eg ser Brigt Ove, Magnus og Arild kvar dag. At eg kommuniserer litt med Erik og Vidar (dei må jo hjelpa meg litt) og Tone Helene og Ingvild seier frå at dei veit at eg finst på ulike vis.
Dette ser no på ingen måte stusseleg ut, og eg skal vel ikkje klaga heller. Men sjølvsagt skulle eg ynskt at ting var annleis og at eg var ferdig.

Forresten, såg du det som må bli ord for dagen i VG i dag? Kjærlighet uten sjalusi ville være som gulasj uten paprika. Eg kan veldig lite om gulasj (kan litt meir om Gul-Lars), men me serverte gulasj på Kaffistova i det livet eg arbeidde der, og det var då vitterleg sinnsjukt masse paprika i den gulasjen!? Det kan då ikkje vera meininga at ein skal vera so sjalu? Nett no er eg sjalu på alt og alle, til og med på datamaskina mi, men det går over. Poenget er jo at du vert øydelagt av å vera sjalu, og dersom mine idear om paprikamengd i gulasjen stemmer, og det skal tilsvara Spitznogel-tilrådd mengd sjalusi i eit forhold, so er det jammen ikkje rart at ting ikkje funkar. (Og eg som har leitt etter andre løysingar)

No tenkjer vel du at eg heller ikkje kjem til å bli ferdig med noka oppgåve om eg har tenkt å halda fram med å skriva på bloggen min. Det har du rett i, men hjernen trong ein liten pause. Det har han vel fått no.

Eg har 84 sider (med innhaldsliste). Dei skal bli 90 før eg legg meg! Kanskje...

PS! Har Kari Pahle sunge i Songlaget i Bul? Sjekk side 204 i jubelboka til BUL, den svarte.
PPS! Laila F - eg likar bloggen din!

 

14. november

Dagens dementi Nei, eg veit ikkje kva som vert tilttelen på oppgåva mi. Eg veit heller ikkje kva tid ho vert ferdig, men eg veit at det nærmar seg.

 

7. november

Er det nokon som veit kven som skreiv utanrikspolitiske artiklar i avisa Noreg og i Norsk Ungdom før krigen, og signerte med E. H.? Mannen ville styrkja norsk forsvar, forsto seg på krigsstrategi og var oppteken av kor mange båtar og fly dei ulike statane hadde og skaffa seg.

Elles kan eg melda om sol over Haugamyrane i dag, Eli og eg skal ein tur innom Marit i Gaupne i ettermiddag. Eg er framleis ikkje ferdig å skriva, og eg kan dementera at ein vert i brun og sommarfrisk av å sitja framfor ei maskin, sjølv ikkje om leselampen står på.

Ord for dagen Det finst flerie kjelder i verda enn dei eg når over.


Her kan du få eit lite poesiglimt frå kjeldene mine

Det fagraste mål som på jorda er
er målet åt den du hadde kjær.
Og elskar du folket i Noergs dalar,
så elskar du målet folket talar.


MH

 

4. -5. november - rapport frå ein asylant

Etter sterke etterlysingar frå dementihungrige lesarar, kan eg i kveld fortelja at eg korkje vann 100.000 i Kjemepsjansen i kveld, eller vart røysta ut av Skal vi danse? i går og eg har heller ikkje snøa inne i Krundalen.

(Spørje-)Ord for dagen skil seg klart ut, nemleg kvifor skal ein vera i 25 varmegrader i Israel, når ein kan sitja varmt inne og godt og sjå ut på snøen i Sogn og Fjordane?

Eg har skrive fleire sider i dag og eg er faktisk litt nøgd med meg sjølv, sjølv om eg nok hadde vore enno betre humør dersom eg t.d. hadde skrive ti eller tjue sider meir. Dessutan har eg vore ute på tur i vinterlandet, eg er vorten kjend med Øyvind og er godt nøgd med at jentene her kjenner meg att slik at eg har leikekammeratar :) Og eg vert, som vanleg, teken utruleg godt i mot - og eg veit ikkje heilt korleis eg skal kunna gjera opp for meg. Her er det nokon som har tenester til gode på livstid.

Elles drøymde eg at eg fekk tvillingar i natt, noko som var slitsamt, men som likevel gjekk greitt. Kom til og med fram til etternamnskompromiss... Og so drøymde eg at Tore tok kontakt! Eg fekk klem og vart invitert i brudlaupet hans. Eg veit ikkje kva som er mest og minst sannsynleg av dette, men eg vart ikkje skremd av desse draumane, iallfall.

 

2. november

Dagens visdomsord frå Røysmyra må vera at det meste går litt betre om ein berre har kaffi og kake til.

Magnus, verdas beste kollektivsambuar, har laga informasjonsfilm for Høgskulen i Volda. - Ei svært utfordrande, gjevande og lærerik oppgåve, påstår han :)

Elles har eg ikkje noko å dementera enno i dag, jo, forresten - eg har ingen betalt vit.ass., om nokon trudde det. Eg skulle gjerne hatt ein vit.ass. på heiltid, men eg utruleg glad for den hjelpa eg får. (Dessutan proklamerte eg visst høgt og tydeleg tidlegare i haust at eg trong hjelp, men at eg ikkje kjem til å betala i klingnade mynt. Ei typisk Ragnhild-utsegn, men det skremde tydelegvis ikkje...)

So: ein kjensleladd og suppete sekvens - men ærleg og på plassen sin: eg har verdas beste folk rundt meg og eg er ubeskriveleg glad i dykk.

 

Vinter og snø - ein skihoppar...

Når eg ser ut vindauga mitt, ser det ut som om eg bur midt i Skomakargata. Snøen laver ned, gatelyktene lyser gule og eg får lyst på gløgg og peparkaker. Hald deg oppdatert på korleis veret er her eg bur med kameraet til Voldaveiret.no.


Nett no treng eg forresten nokon til å massera nakken min, og eit fang å liggja i. So skal eg bli luska i håret og stroken over kjaken og få høyra at dette går bra. Alt ordnar seg. At eg vert ferdig når eg vert ferdig, men at det ikkje er det viktigaste i verda. Og so greier eg å ta meg på tak i morgon og få unna ein heil del. Ja, slik skulle det vore nett no. Men litt fin, melankolsk og varm jazz hjelper litt, det òg.
Sit i senga med maskina på fanget, senga full i papir og permar, salve, vatn, telefon og puter. Har okkupert heile kjøkenet. Stakkars Magnus :)

I dag åt eg pannekaker! Veldig godt og kjevane fungerte.

Elles lurte unge J på om eg framlesi var i live, so eg kan dementera alle rykte om at eg ikkje lever.

Ord for dagen må vera at broddar og kjettingar er undervurdert.