Raggisland

Ei hjartesukkside

Snø

I dag ligg den snø nesten heilt ned i Kaldsethola, og utsikta mi ser omlag slik ut.

Dagens dementi
Eg er ikkje lener presseansvarleg for Veka07

Ord for dagen
Målet er ikkje maratonløpet, men definitivt å koma i mål. Når det er tid for fiskehistorier, kan det henda at slikt snur seg.

 

I dag er det fredag

Det står veldig mykje rart i bøkene eg fossar gjennom for tida. ein kan trygt hevda at stilen har endra seg ein smule på 60-70 år. Det som eigentleg overraskar mest er kor sarkastisk og frekk det var greitt å vera. Polemiske bøker er artig å lesa.

Og avisene. Lange, fyldige artiklar. Ingen, eller knapt bilete i det heile. Og dårlege vitsar. Vitsar frå 1937? Dei er so dårlege at dei knapt kan samanliknast med Se og Hør.

Kva tid skal blada på trea ute skifta farge? Her er mest alle trea framleis sommargrøne og skal eg tru eksamensnervene mine nærmar november seg med stormsteg. Burde ikkje blada snart verta gule og raude og slikt?

Ord for dagen
Gje ikkje opp utan kamp

Dagens dementi
Du blir ikkje stor og sterk sjølv om du går ut i regnet når du kjenner deg so lita som ei ert.

 

Nå om da'n

Dagens dementi
Eg er på ingen måte inkompetent til å gjera kompetente oppgåver.

Ord for dagen
Utan gode vener duger eg relativt dårleg

 

24. oktober

Eg måtte sjakka telefonen for å finna ut kva dag det var i dag. Men det fann eg ut, og eg kan fortelja alle at det er SN-dagen og at morbror har bursdag.
I dag står eg fast. Får ikkje til so mykje. Difor har eg drukke mykje kaffi og alt vore to turar i kantina. Hadde eg sete på skulen og arbeidd, hadde ikkje det vore noko rart, men når eg sit heime... Då er det litt rarare.
Var oppe klokka 0530 i dag og køyrde Bjørn til flyet og kl 0810 var eg på butikken og handla.

Elles har eg ilt i kjeven. Dokteren sa at eg ikkje får lov til å tyggja på to-tre veker. Difor skriv eg om litt kjent Hopalong Knut-stoff: Du kan ta meg med deg heim
og så kokar du suppe til meg! Det blir nok godt og eg skal få det ned:)

(Lurer på å gå til ein tannlege og sjekka om det kanskje er noko han kan gjera.)

Dagens dementi
Eg har ikkje utelete Oddmund neprakstU frå aktualitetsprogrammet mitt av surmaga årsakar. Det berre vart sånn.
(Ein framtidsvisjon)

Ord for dagen
Skjerp deg!

 

Dagen i dag

Eg skreiv opptil fleire sider i går. Eg gav eigentleg opp på onsdag. Grein litt i regnet. Kort fortalt gav eg opp, so skreiv eg litt og so spelte eg kort.

Dagens dementi
Eg er ikkje ein "artig" støntreportar på Oslo vest som stiller "morosame" spørsmål.

Ord for dagen
Ein kan vera ganske søt sjølv om ein har sirup i hjernen.

 

19.oktober

Dagens dementi
Eg sto på ingen måte opp då eg skulle i dag. Eg er lei for at nokon kom til å tru nett det.

Ord for dagen
Kommunikasjon er ikkje det same som å vera stor i kjeften

Astrid har bursdag!!!

 

Nye spalter

Takk for alle gode lukkeynske!

Eg har forresten lagt merke til at dementi er litt i tida. T.d. er lodI enoT ei av dei som dementerer ting mest kvar dag. Difor har eg tenkt å innføra noko nytt på sida mi, Dagens dementi! (OK, det var Arild sin ide.)Eg kan ikkje garantera at eg har noko å nekta for kvar dag, men eg skal prøva. I tillegg er Ord for dagen noko eg òg burde ha, so lat oss berre innføra det òg. Det er sjølvsagt lov å senda inn framlegg til begge desse nye, faste spaltene. Er framlegga gode nok, stel eg dei tvert, er dei ikkje fullt so gode kan dei sjølvsagt krediterast innsendaren ;)

Dagens dementi
Eg har ikkje gifta meg inn i kongehuset for å få eit meldareksemplar av nye boka til Ari Behn.

Ord for dagen
Ein kan ikkje leva berre på bollar i omnen.

 

Oppdatering

Eg er pinadø vorten nynorskpraktikant i Førde frå januar! Sjekk berre her.

 

Sidan sist

Eg:
- er attende i Volda
- har hatt Tone Helene på vitjing
- hostar litt
- drikk store mengder kaffi
- har fått ny eksospotte på bilen
- treng ein sekretær
- har vore på intervju ved Nynorsk mediesenter i Førde
- tenkjer på at eg kanskje flytter frå Volda om tre månader, og veit ikkje om eg likar tanken
- er melankolsk
- ser meg ut jobbar i Volda som eg skal søkja på
- er blakk
- drøymer om grønare gras, betre tider og store oppvakningar

Elles er alt som vanleg.