Raggisland

Ei hjartesukkside

Sol og jubel II

Kva skal ein på Malta og Kreta om sommaren når ein har Vestlandet? Kva skal ein på Sørlandet, for den del?
Eg er vorten brun! Det er sikkert fyrste gongen i livet at eg verkeleg har fått farge, og i dette veret er det eigentleg ikkje so rart. I dag var det 30 grader i skuggen på Sandane. Det er håplaust å arbeida. Eg emigrerte jo hit for å skriva, men det er so varmt og fint at det er utruleg. Sat ute i berre bikinibuksa i dag òg, men etter å ha sortert notatar, var det einaste som var mogleg å halda på med - skjønlitteratur. Einaste eg saknar er eit basseng oppe ved huset.

Jordbærbudsjettet mitt har sprukke for lenge sidan. Må eta minst ei korg for dagen. No må eg leita etter noko rom... og kanskje laga ein daiquiri:)

 

Osjlo

Eg er på studietur til Oslo. Var på Arbeidararkivet fredag og fann det vesle ordskiftet frå Arbeiderungdommen som eg leitte etter. Har hatt nokre fine dagar i Oslo. Erik kom frå Asia fredagskvelden og det var kjekt å sja han att! Det var det no med Åsmund, Astrid, Håkon og Hilde òg. Og Tone Helene, sjølvsagt. Ho har ikkje vore vekke so lenge, men det verka slik.
Var litt skuffa i går. Eg hadde ein stor plan om å bada, men veret spela meg eit puss. Det var ikkje badever på føremiddagen, men det vart veldig bra seinare. Men då var det folkets laurdagsmiddag og øl på terrassen i Tromsøgata. (Vi snakker ekte sjærli'het). No byrja det forresten å regna noko voldsomt! Kræisi. Godt eg alt er brun.

Skal på Riksarkivet denne veka.

 

Slik går det når byfolk skal styra landet

Eg held fram med ting-som-står-i-avisene greia mi. No er turen komen til ein litt oppgjeven agronom. Trass i den resignerte stilen på innlegget hans, er det bra! Les Kulturlandskap eller teaterkulisser (BT).

 

Avishumor!

Har du lite å gjera i dag? Det har eigentleg ikkje eg, men det finst utruleg mykje godt agurkstoff i avsiene for tida og det kan ein bruka vanvittig mykje tid på å lesa og ikkje minst på å studera og diskutera.

Sjekk berre ut denne saka frå Magasinet. Heilt vanvittig mange ord du ikkje visste du hadde bruk for. Livet vart rikare med ein gong.

Elle kva med denne fantastiske reality-ferie-saka frå Dagbladet? Betre humor har eg ikkje sett i dag!!!

Skriving? Kva er det?