Raggisland

Ei hjartesukkside

Fisk gjer susen

Festspela er over, huset er tomt for folk og eg har sove i nesten heile dag. Fekk nesten sosialabstinens.
I kveld fekk eg nytrekt pala (småsei) på døra og eg fekk meg sommarens fyrste skikkelege kvelds! Fantastisk! Og brått var dagen ein finfin dag.

 

Solbrend rygg og stadig lysare hår

Det har vore nokre fantastiske dagar i Volda. Steikande sommarver og ein vanvittig bra fest laurdag, pizza på Munken sundag, fjelltur måndag. Lite å klaga på desse dagane - og det er jo fint! Har nokre bilete, men er litt usikker på om dei eignar seg for offentleggjering. Medan eg tenkjer på det, er eg nøgd med at det er fotball VM og at eg stort sett kan sjå ein fotballkamp kvar gong eg set på fjernsynet. Men det er ein ting som irriterer meg - eg har jo tippa resultata i alle kampane til og med finalen, men det ser ikkje ut til at laga bryt seg so mykje om nett det. Grr... Eg ligg midt på treet i tippelaget, men eg reknar med å reisa i frå om ei stund. Må berre ta att dei 10 poenga eg litt bak leiaren fyrst.

 

Kjære Bernander,

Ver so snill og gje desse journalistane dine desse 16.000 kronene kvar og overtidsbetalinga og alt det der - no. Ver gjerne raus, men redd meg frå kommerhelvetet. Eg orkar ikkje ein dag til, der eg i ørska vaknar til reklame for ballkjolane til Mette-Marit eller Papirsklipp av Kim Larsen.

Ver so snill og lat meg stilla radioen tilbake til NRK og greia og vakna på skikkeleg vis. Redd meg frå undergangen. Eg hatar P4 og Kanal 24 og eg hatar dei spesielt mykje klokka 7 om morgonen.