Raggisland

Ei hjartesukkside

Krigsaviser

Eg sit og les aviser frå andre verdskrigen. Les og les, eg blar gjennom dei og tek bilete av interessante artiklar. Noko les eg jo òg, og noko skal eg lesa. Det var nok litt artigare å lesa avisene før sensuren. I 39 hadde Norsk Tidend bilete av tyske båtar som anten var torpederte eller som hadde køyrt på skjær e.l. i mest kvart nummer. Underhaldande. Litt mindre slikt i 42 og 43, om du lurte. No må eg finna ut kven "Mannen som veit alt" er. Han skriv rapportar til NT om kva som skjer i Europa under krigen.

 

Sukk

Av og til lurer eg på korleis folk tenkjer. Av og til lurer eg på om dei tenkjer. Dei fleste vil gjerne vera sentrum for det som skjer. Det er fint å bli lagt merke til, vera midtpunkt og gjerne sloss om merksemda. Det vert som ei tevling. Men mange innser òg at sjølv om det er fint av verda spinn rundt nett deg, so er det eigentleg ikkje slik. Ofte er det faktisk slik at dei rundt deg forventar at du stiller opp, held avtalar og tek omsyn - men det er visst ikkje alltid like lett for alle det. Det er vanskeleg for meg å forstå og det gjer faktisk vondt.

 

Album

No har eg lasta opp eit flickr-album på sida mi (sjå nede til høgre), og no kan de sjå noko av det eg har funne på dei siste vekene, ma i Berlin. Det kjem sikkert nokre nye bilete etterkvart, men kos dykk med desse inntil vidare :)

 

Varmt og godt


Sol og sommar! Har hatt ei fantastisk veke. Fyrst med sommar i Berlin og so med enno betre sommar i Volda! Ufatteleg varmt og fint! Har gått fjellturar, grilla og kosa meg! Sjekk dette bilete frå fredag, t.d. Volda er best i verda, gitt!