Raggisland

Ei hjartesukkside

Kvinner og menn og posisjonar

Kjønnskvotering, særleg kjønnskvotering i akademia, har vore eit litt overraskande viktig tema rundt meg dei siste månadene. Om eg har sett film, drukke øl eller hatt det moro, so er det nokon som skal diskutera nett dette. Det er i og for seg veldig bra. Det eg stussar litt over er den evna menn har til ikkje å sjå a) korleis samfunnet fungerer i høve til kvinner og menn, b) at kvotering er eit middel ikkje den endelege løysinga og c) når dei argumenterer mot kjønnskvotering så er ikkje det noko revolusjonert. Dei snakkar for status quo. Det er utruleg mange karar eg har snakka med om dette i det siste, og dei hissar seg verkeleg opp :) No heldt eg nesten på å gløyma ein ting: dersom ein antydar at det går føre seg ei umedvita mannskvotering vert dei sinte. Til det siste har Astrid skrive om dette i siste nummer av FETT.


Men, altso: er (mange) menn no verkeleg redde for at kvinnene skal verta synlege og dermed vil flinke kvinner skvisa mindre flinke menn ut av posisjonar som dei tidlegare var sikre på å få? Er det so enkelt? Og er frp-retorikk einaste måten menn trur dei kan forsvara seg gjennom når det kjem til slikt? Er ikkje det i såfall ei løyndarline, stråmannargumentasjon (her er det mange artige ord, gitt)? Er det vanskeleg å diskutera dette på skikkeleg og sakleg nivå?

Ok, no har eg sjølvsagt ikkje tid til å skriva nok om dette i dag, sidan det ventar ein grisetjukk bunke med papir på meg på lesesalen.

Forresten, her kjem eit viktig PS! om noko heilt anna: Tøft!.

 

Fjas med stil

Eg byrjar å vakna att. Det er tungt å innsjå at kvardagen er her og at vekene faktisk har gått. Eg er ikkje komen lenger enn til 1. februar. Knapt det. Kvifor lurer kalenderen mig på ein slik utspekulert måte? Eg trur eg må sova med fagbøker under puta framover og med faglydbøker på minidisken om natta. Det er mykje som ligg og ventar på meg. Kanskje kan eg øva meg opp til å skriva i søvne òg? Det hadde vore noko!

Hadde det skammoro under veka med konsertar og besøk. Utan tvil dei artigaste dagane i Volda på ei stund. Fjastrid og Fjashild fjasa seg gjennom konsertar, fekting, turar og trønderrock. Ikkje dumt det. Det finst mykje gløymt musikk som kan brukart på vorspiel. (Her møter eg kanskje motstand frå Ulstein, men eg held likevel på mitt.)
Trur elles at eg har fått anbekjentskapskrinsen min godkjent, om enn etter ein del tvil, kontant avskriving av ymse element og diskusjonar om og med elementa. Ser fram til Dokfilm og vonar på meir fjasebesøk!

 

Kongen, Veka og lite soving

Det er svinaktig kjekt fortida. Glitter, glam og seminar i Oslo i helga. Eg er sjølvsagt litt nøgd med 200 deltakarar på seminaret laurdag og solar meg framleis i glamglansen. Utruleg kjekk helg. Men eg får sjølvsagt ikkje med meg alt. Difor gjekk eg glipp av vekestarten i Volda. Trist, men eg har teke det godt att etter at eg kom hit att sundag ettermiddag. Sjekk galleriet her (og alle dei andre sidene òg, sjølvsagt) og kanskje du får med deg litt av stemninga? Bra revy, ein fantastisk konsert med Minor Majority i kyrkja sundag, sto over Paperboys, til fordel for senga mi, men Duplex-konserten gjorde susen. Og utsikta vart betre etter at eg fann ut eg kunne stå på ein barkrakk og hoppa i staden for å sitja. I går var det Jazzzland med Bugge Wesseltoft og co. Heilt genialt! Vel, enno er det tre konsertar att, eg byrjar å verta litt sliten men eg vil helst ikkje gå glipp av noko! Fint å vera student, gitt!