Raggisland

Ei hjartesukkside

Kjolenytt

I det siste har eg nesten gjeve inntrykk av å vera seriøs på denne sida, noko som har sett den store kjolesaka i skuggen. Men til alle dykk som har lurt: Den før jul mykje omskrivne kjolen kjem no til sin rett og skal luftast på mottakinga fredag. Eg kan ikkje lova bilete, men kanskje, kanskje :)

Elles er eg framleis interessert i meir informasjon om Henrik Rytter som folkehøgskulemann og norskdomsideolog.

 

Biografi

Kan nokon forresten fortelja meg litt om Henrik Rytter? Slik utover at han omsette skodespel og skreiv dikt?

 

100-årsfrimerket

Fint, ikkje sant? Spring og kjøp frimerke og send kort til alle de kjenner i år! Eg vil gjerne har kort og brev...

 

Programmet er klart!

No er programmet til Veka06 klart og no kan alle de som kjem på vitjing i starten av februar byrja gle dykk! Astrid, skal du vera med på fektekurs, eller? Sjekk ut alle konsertane og alt det andre på Veka.no. Det tristaste med programmet er kanskje at eg går glipp av bokkafeen med Signumd Løvåsen. Ja, ja, men styret har fått til mykje kult og eg gler meg til Veka!

 

Fjell stiller språklege kvalitetskrav

Fjell kommune eig domenenamnet MiSide.no, eit namn deptet er interesserte i, i og med at dei alt eig bokmålsdomenet. Minister Grande Røys tek nynorsken på alvor og vil laga ein tilsvarande nynorskportal. Ok, seier Fjell kommune. Deptet skal få låna namnet. Men utradisjonelt nok krev ikkje kommunen pengar, men at staten skal skriva god nynorsk på sida. Gjer dei det får dei MiSide.no til odel og eige. Språkrådet skal vera domarar. Eg er imponert og litt stolt! Dette må vera det mest offensive eg har høyrt på målfronten i år! Heile saka står i Vestnytt.no.

 

:)

Det er januar, det regnar ute. Eg tenkjer alltid at Oslo er kaldt om vinteren. Kaldt og glatt. no er det vått og glatt. Mest som i Volda. Der er det kanskje mest vått no. Nrk varslar storm langs kysten, og syner bilete frå ein storm for to år sidan. Slik kan det verta, står det. Eg skal arbeida her sør-aust denne veka, men vil eigentleg vera der vest, sjølv om det skal blåsa og storma som det berre kan gjera i januar vestpå.

No har eg lese «Få meg på, for neaf» (har plukka opp eit par triks) og vart på ingen måte vonbrota av den grunn. Ei god bok, sjølvsagt på lista mi over bøker som må lesast. (Ikkje på pensumlista, nei, men den andre lista.)