Raggisland

Ei hjartesukkside

Kling, klang, klong - julesong

Jippi!

No strøymer julebordsinvitasjonane på og det gjev ein stakkar eit snev av sjølvtillit: «Ha! Folk vil ha meg på fest i år òg! Hurra.»
Ok, no har ikkje desse invitasjonane kome i slike mengder som vatnet kjem her, men eg har fått fleire enn ein, og det er framleis uhyre lenge til desember. (Desember = eksamen => lenge til.)

Eit annan viktig punkt er at slike invitasjonar legitimerer kjøp av nye ting, som kjolar og skor og slikt. Då gjer det ikkje noko at ein eigentleg burde kjøpt zalo, fornuftige vinterskor, ei pensumbok. Ein kan jo ikkje gje seg sjølv julegåver, og difor har ein funne opp slike tradisjonar - nemleg for å gje seg sjølv førjulsgåver. Jippi x2! Eg skal handla fine kjolar! Astrid, skal du vera med på kjoleshopping?

 

Eksamensnerver

Eg tykkjer vitskapsteoretiske artiklar kan vera vanskelege å få tak på. Dette er ein slik tekst eg kan lesa og lesa på, men likevel ikkje kan gjera greie for innhaldet i. So i dag har eg ikkje tru på at eg nokon gong skal verta ferdigstudert.

Det fine i dag er at det snør!
Regnet vart kaldt i natt og vart kvitt og det har gjort sitt til at det er lyst ute.

 

Bloggerstreik

Dette er plagsomt. Her sit eg og freistar gjera ein god jobb med å oppdatera nynorsk.no, men so streikar blogger. Ikkje får eg ut saker, og ikkje får eg lese. Plagsomt! Får ikkje eingong informert verda om at Steinulf ordnar opp i portosaka...

 

Novembersommar

Olaug Nilssen er vorten festspeldiktar, Steinulf er vorten kalla ei lita pingle i Dag og Tid, eg får mykje kred for lesarbrevet hans mot FEV, underskriftene for å sleppa nynorsken til er overleverte, kvisslaget eg er på er på vinnarfot att, og det er varmt i Volda. Alt dette er vel ganske fint :)

Elles, må ha nye briller og det vert dyrt! Sukk. Og so er det berre ein månad til eksamen. Dobbeltsukk.