Raggisland

Ei hjartesukkside

Brann og Dag og Tid

Har de lese siste Dag og Tid? Eg har i alle høve lese ei sak, saka om Brann. Frå då Brann banka Rosenborg for ei veke sidan. 4-1! Ha, ha alle trønderar. På høg tid å byta ut eit par ringrevar, tenkjer eg.

DT glimtar til stundom. Stort sett er det på reportasjefronten eller i eitt og anna intervju (og Olaug og Ragnar H sine innsider) og med denne, ikkje geniale, men veldig gode reportasjen har Todal gjort seg fortent til omtale på sida mi (med namn). Du må skriva meir, Per Anders! Ikkje sitja og redigera. Det seier no eg..

 

Grasgrønt og vått

- det er Vestlandet det.
No er eg komen i sommarjobb att og alt er som i fjor. Dei gamle snakkar framleis om akkurat det same som då eg forlet dei i august 2004. Det er som om eg har vore vekke eit par veker, ikkje eitt år. Graset ute ser ut til å vera like langt og uslege i år som i fjor. Einaste skilnaden er at nokre av dei gamle på avdelinga mi har teke farvel med denne verda og at det er komne nokre nye.

Tenkte eg skulle ha ein sprek sommar og sykla på jobb so sant det var vêr til det. Lat oss seia det slik - ingen fare enno for det er myrkt og minner meir om oktober enn juni ute.

Hege L har bursdag i dag, so eg vonar alle har hugsa å gratulera henne!

 

Glimt frå kvardagen

Det er sommar i Oslo. Litt dumt å sitja inne og arbeida når ein eigentleg burde nytt sola, høyrt på musikk kanskje til og med bada?

I staden for slikt har eg vore med og intervjua ein kar i dag som kunne fortelja at han kunne snakka nynorsk i festlege lag, når underhaldningsverdien var målsetnaden. Slik er oslopolitikarane, i alle høve g enur, som me kan kalla han for. Dette, og andre godbitar kan du sjølvsagt få lesa om i neste mål og makt!

Når eg får tid skal eg laga ein faktaboks om verda sett frå vestre rådhustårn i Oslo. Det kan verta stoff for Straamannen.

Ragnhild