Raggisland

Ei hjartesukkside

Solsukk

Nett no er det altfor mykje å sukka over og altfor lite tid til å gjera det!
Eksamen, til dømes. Eg kan ikkje utstå eksamen og eg får det heller ikkje til. Ein ting er at det er keisamt, både konseptet og innhaldet, men hovudet vil ikkje hjelpa meg. Det slit og det er verd å sukka over.

So kan ein sukka over pollensesongen, over journalistar som ikkje veit sitt eige beste eller journalistar som sukkar over ikkje å ha vorte spurde om å stå på "Slepp nynorsken til"-oppropet eller over dei som tek seg sjølv so høgtidelege at dei nesten ikkje torer helsa. (Kor lenge skal det halda fram?) Ja, og so kan ein sukka litt over dei som er redde for nynorsk i spaltene sine.

Det er sikkert mykje meir å sukka over òg. Pengar, til dømes eller livet reint ålment.

Difor: Her kjem litt gladnytt! Det er kome ut eit nytt Mål og Makt og det var utruleg bra! Det ser lekkert ut og det er fullt av gode og morosame tekstar. Lurer på om den nye Jon "Daniel Braut" Hustad vil svara i nest nummer og om nokon er fornærma over å ikkje å ha kome på lista over nynorskintellektuelle M&M vil høyra meir til. Sjekk ut sidene til Mål og Makt.

 

Over 12.000!

Slepp nynorsken til

Meir enn 12 000 menneske har skrive seg på oppropet på nettet til no! Hurra! Skriv under på opproppet her.

Og så kan du sjå kven som har skrive under i Volda.

 

Fantastisk!

Det er heilt fantastisk kva oppslutnad oppropet (under) har fått! Eg oppmodar alle til på senda lekkja til «Slepp nynorsken til» vidare til alle dei har i adressebøkene sine og til å alltid ha med seg ei underskriftsliste i baklomma eller veska.

Elles var det ein sann svir å sjå Giæver og Dukkert på Redaksjon EIN i går! Makan til argumentasjon skal ein leita etter. Til og med Viggo J såg ut som om han tykte dei var patetiske. (Og Jon Eikemo ? hald deg til scena og ikkje til debattprogram, ver so snill)

Elles opnar Studenthuset Rokken i dag og eg gler meg heilt vilt til å få studenthus i Volda. Dessutan er det dødslekkert! Veka 05 er snart i gang!

Treng nokon av dykk bil? Eg sel verdas mest sjarmerande Fiesta for ein rimeleg penge. Ikkje er ho køyrd langt og ikkje er ho venskeleg å ha med å gjera. (Kanskje verre med eigaren.) Gje bod! Kan køyra bilen til døra di.

Ragnhild

PS! «Kvar er Ragnhild»-tevlinga går inn i ein ny fase i morgon. Giss i veg.

 

Slepp nynorsken til!

Slepp nynorsken tilNo må folket ta andsvar og vera med på å få oppheva nynorskforbodet i Dagbladet og VG. Har du ikkje alt gjort det, kan du skriva deg på oppropet her. VG-redaktøren etterlyste lesarreaksjonar i går, for han hadde aldri fått noko brev om at folk ville ha nynorsk i spaltene hans. No har me sjansen så send lenkja vidare til alle du kjenner.

 

Noreg rundt

Volda - Bergen - Oslo - Tromsø - Oslo - Volda - Oslo - Volda. Dette er slik den næraste framtida mi ser ut. Lat oss seia sidan torsdag 7. april til 26. april. Kanskje eg skulle ha ei tevling? «Kvar er Ragnhild?» Så kan det vera ny trekning kvar dag. Om nokon vil sponsa tevlinga med premiar, er det heilt greitt.

Innimellom, når eg er i ro, skal eg skriva heimeeksamen og levera tekstar hit og dit. Det er no litt dumt av meg å seia ja til alt mogleg når eg eigentleg ikkje har tid eller ork til det.

Forresten, i går starta verkeleg året. Då starta Tippeligaen! Ok, så starta dei andre laga sundag, men Brann spela fyrste kampen i går og vann over Molde. Strake vegen mot gull. Det er mottoet i år. Eg berre nemner det.

 

NSF NIO - senteret er opna

Eg tenkte at eg skulle skriva litt om opninga av dette nynorsksenteret i Volda. Nasjonalt senter, nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (phu!), Kjært barn har som kjent haugevis med namn. Kanskje NSF NIO hadde vore noko. Liknar litt på NIFU STEP og andre namn som fyller spaltene i samband med nynors nett no.

Det var ei veldig fin opning. Mykje presse, glimrande kulturkveld, fin konferanse. (Sit att med eitt stort spørsmål om ei av innleiingane, men det skal eg ikkje lufta her.) Og det står tekstar om opninga med mitt namn under både her og der nett no, so dei kan de lesa.

Før opninga lurte eg på om eg skulle vera glad eller ikkje for dette senteret. Det smakar noko vondt å få eit slikt senter, når ein tenkjer at ideen kom opp mest som i byte med obligatorisk sidemålsoplæringa for eit år sidan. No vart det heldigvis ikkje slik, med me veit at sidemålet vart kraftig nedgradert. Vel, alt dette veit de og de veitòg at det er kjempeviktig å få i gang positive forsøk om nynorsk i opplæringa. Dette vart tema under opninga. For kva vinkling skulle talarane velja når dei skulle ynskja senteret velkome? Det var moro å høyra politiserte helsingar til senteret med klårt addressert kritikk til ministeren og partiet hennar.

Pressa stilde Clemet mange svært kritiske spørsmål, utan å få dei gode svara. Bombe. Både om hennar eigen motstand mot nynorsk, om sidemålsforsøket i Oslo, om dette er eit plaster på såret for redusert fokus på sidemålet i skulen, og om nynorsk i media.

På spørsmål om ikkje det er problematisk at riksavisene har forbod mot nynorsk i avisene sine og om ikkje regjeringa burde gjera noko for å leggja vilkåra til rette for meir og synleg nynorsk i kvardagen til folk, kom det eit kontant nei. «Det skulle jammen tatt seg ut om regjeringen skulle blande seg i...» Og etter det Clemet veit finst det ikkje eit einaste område i samfunnet der styremaktene kan gjera noko meir for nynorsken. Hm. Ikkje det, tenkjer eg. Ikkje det.

Men kaka tok dama då ho kome meg dette: «Jeg må si at det er med et visst komikkens skjær jeg registrerer at kritikken mot regjeringens nynorsk- og sidemålspolitikk blir formulert på bokmål. Og det av fremstående mediefolk som snakkar et vakkert nynorsk. For det fyrste: Kva er dette for ei vankunne utdanningsministeren syner fram offentleg? og For det ander: Korleis i all verda kan ho koma med eit slikt utspel rett etter at ho har sagt at det er heilt greitt at nynorskjuornalistar vert nekta å skriva på språket sitt i avisene? Grr.

Les gjerne kva Olaug har skriva litt om dette på nettsida si, eit eige rom med utsikt.

Og dette er berre noko av det dama sa. Det er trist, ulideleg trist at me sit med slike folk til å styra landet. Kunne berre Valgerd koma med fremlegg om å knyta pressestøtta til bruk av målform. Ver so snill! Det hadde vore noko det!

 

1. april

«25 % nynorsk i avisene for å få pressestøtte». Det var aprilsnarr frå Kulturdepartementet i går. Det florerte med nynorskspøkar 1. april, og det er greitt, men eg vart sur då eg las denne. Rett og slett av di eg tykkjer det er eit rimeleg krav og eg tykkjer det er ei sak Valgerd burde kjempa. Ho er den tøffaste ministeren i regjeringa, og det hadde vore ei nydeleg sak å avslutta med. Men nei. Difor vart eg veldig glad då eg las saka Cathrine Sandnes har på dette i Dagsavisen i dag.