Raggisland

Ei hjartesukkside

Opninga

Når ein kjem opp i eit ordskifte på kommentarlista i bloggen og tenkjer at dette burde eigentleg vore ei sak for seg sjølv, kva gjer en då? Held ein frem med å skriva kommentarar eller lagar ein ei sak på noko som kanskje er utskrive?

Vel, det som eg eigentleg hadde tenkt å skriva noko om, er at senteret for nynorsk i opplæringa skal opnast i Volda i morgon. Det skjer sjølvsagt med all den pump og prakt (pumpa og prakta?)som noko slikt må føra med seg. Og det er no fint at det er oppretta eit slikt senter, men eg sit med ein bismak i munnen. Her skal ministeren opna seneret, samstundes som Høgre vil avskaffa sidemålsundervisninga i skulen. Det er det no i alle høve gjort framlegg om i det nye partiprogrammet som skal opp til vedtak på landsmøtet i Høgre.

Då Clemet la fram "Kultur for læring"-meldinga og proklamerte dette senteret (samstundes som ho la fram ein pakka med nynorskåtak), vart det skriveri om judaspengar og plaster på såret. Det er vel like aktuelt, eller er det ikkje det? Det er vel ingen grunn til å tru at åtaka vert mildare sjølv om sidemålsfarsen i Oslo er om å skli inn i soga som eit flaut kapittel i høgresoga.

Eigentleg har eg lyst til å ropa slagord og demonstrera mot Clemet i morgon. Men på ei anna side er det på høg tid at nynorskopplæringa vert teken på alvor! Få emne er vel so underprioriterte i skulen som nynorsk, og då særleg nynorsk som sidemål. Slik sett er det no på høg tid at det vert forska på korleis ein kan gjera denne opplæringa betre.

Men kva vert konklusjonen? Skal eg vera glad i morgon? Glad, men sint på ministeren? Berre sint? Litt av kvart?

 

No er eg tante

Ja, det stemmer! 14. mars vart eg tante til Andrea, og det er sjølvsagt høve til å ynskje meg til lukke med tantungen. Ho er den klart finaste nyføddingen for tida og eg trur me kan verta gode vener. Ho grein då eg skulle gå etter å ha vore på vijting til ho om mora på klinikken og ho er alt god til å geipa. Det lovar veldig godt! Og ikkje minst smila ho stort då ho vekk vita at ho no var medlem i babymållaget. (Det er sjølvsagt lov til å ynskje foreldra til ungen til lukke, men dette er trass alt mi nettside.)

 

Redd rovdyra

Rovdyrpolitikk er ei uhyre viktig sak i Noreg i dag. Skal me ha ulv eller ikkje, og kvar? I Hedmark, i oslomarka, og skal han få lov til å yngla?
Men det er alltid nokre som vert gløymde i slike ordskifte, og denne gongen er det Senterkvinnene i Oslo som tek andsvar og set søkjeljoset på Besserudsormen.

Berre les:
« - Senterkvinnene ynskjer å føre ein restriktiv rovdyrpolitikk i det langstrakte landet vårt, men dei siste planane frå hoppmiljøet og turistnæringa i Oslo om å tømme Besserudtjernet for vatn også på sumaren, kjem til å få uynskte verknader for sjøormen, den mest trua dyrearten i landet vårt, seier leiar i Oslo Senterkvinner Hilde Lysengen Havro.

Besserudormen har heimen sin i Besserudtjernet oppunder hoppbakken i Holmenkollen, og er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet på Oslo Vest.

- Det er ikkje påvist at sjøormar i Noreg har teke korkje sau eller skihopparar, og Besserudormen er ein såkalla "snill sjøormart", i motsetnad til den meir agressive arten i Loch Ness, seier Lysengen Havro, og legg til:
- Skiphopparane kan heller lære seg å symje, så skulle landinga gå bra også på sumaren.

Sjølv ikkje det hoppvenlege Oslo Senterkvinner kan gå med på at livsgrunnlaget for denne fantastiske og sjeldne dyrearten blir forringa, men har ei løysing på saka:

- Me i Oslo Senterkvinner vonar no at Telemark Senterparti kan arbeide for at Besserudormen får innvilga asyl i Seljordvatnet, seier Lysengen Havro, og lovar å gjera dette til ei viktig sak i valkampen.

Besserudormen går i dvale på vinteren, og det har difor ikkje vore problem for sjøormen at Besserudtjernet blir tømt for vatn før hoppsesongen tek til på vinteren.»

Og eg seier berre takk for at de minna oss på dette!

 

Til lukke med dagen!

Til lukke med dagen, kvinner (og menn)!
Det er veldig fint å verta ynskt til lukke på ein slik dag. Eg trur eigentleg at fleire bured hugsa å ynskje kvarander til lukke.

I Volda feria me dagen med føredrag om kva den svenske kvinnerørsla hadde å seia for at unionsoppløysinga vart fredeleg. Veldig interessant.

Treng du lesa meir om 8. mars? Her finn du litt om kvinnedagen.

Enno meir finn du hjå Kvinnefronten.

I dag er det forresten 30 år sidan SN avgjorde at 8. mars skulle vera ein internasjonal kvinnedag.

 

Verda smiler til meg

Av og til smiler rett og slett verda til meg. Det er ikkje alltid at ting går etter boka eller at ein får unna alt ein vil ha gjort. Likevel, kan humøret stiga til nye høgder. Det byrja med at universitetet i Gøteborg sa drit og dra til Oslo kommune og Astrid Søgnen. Kor utruleg bra var ikkje det? Det er jammen godt at svenskane syner at dei forskar på skikkelege ting, at dei krev kvalitet dei òg.
Lurer på kva som vert neste framstøyten frå Oslo kommune?

Og frå Høgre? Eg veit at sidemål vert ei høgt flagga valkampsak for det partiet, sikkert med 2007 som året det støyten skal setjast inn, men det får eg tru at folket greier knusa.

Men nett no er eg i strålande humør, likevel!

Andre strålande nyhende kjem snart som perler på ei snor. Berre vent!

Ragnhild

 

Radio Volda

I dag ringde ei jente frå Radio Volda og spurde om eg var Nynorsk-Ragnhild. Ho vil ha meg med i ein debatt om framlegget til nye læreplanar no i ettermiddag. Ho sa no at dei kunne ringja Endre Otto om eg heller ville det, men eg tenkjer no at dette sikkert er litt moro å vera med på. Ikkje veit eg, eg har no vel aldri vore i ein radiodebatt nokon gong. Og eg kan vel ikkje veldig mykje om saka heller. Slik sett burde eg kanskje sagt at Endre Otto gjerne kunne stilla, men det gjorde eg altso ikkje. No sit eg og les meg opp det det vesle eg finn, og lurer fælt på kven som vert motdabattanten min.
Ynsk meg lukke til!

Ragnhild