Raggisland

Ei hjartesukkside

Eg likar ikkje findenost

Eg er so sint, so sint på kampanjen mot Tine! Og det einaste som mangla av at heile sulamitten skulle vara sett i gang av regjeringa. Eg trur faktisk på dei som har vore i media og meint at heile saka må vera planta. Eg undrar meg òg saman med dei som har peika på at saka snudde frå å vera eit åtak på matvaragigantane i Noreg og deira metodar med rabattar og sal av hylleplass og plassering av produkt i butikkane sine til å verta ei sak mot Tine.

Og so kjem det for ein dag at Morten A. Meyer (ja, han veit de alle at eg ikkje skriv mykje fint om) eller departementet hans har fôra Synnøve Finden med, eller som det står: leke hemmeleg regjeringsinformasjon til Synnøve Finden om kva planar dei har med Tine.

Er moderniseringsdepartementet mot samvirkeverksemder? Er dei ikkje kapitalistiske nok? Og kvifor skal private Finden få denne informasjonen? Kvifor rasar «kapitalen», eller var det kapitalistane mot Tine og krev deling? Er det ikkje rett form for privat drift når 19.000 bønder eig noko saman? Er formelen slik at det er berre nokre få høgrefolk som skal sitja i kvart styre, eller? Eller er privatiseringsfundamentalistane berre sjalue av di dei ikkje greier å organisera seg like godt når dei legg sin ideologi i botn? Og gløymde desse som rasar kritikken mot matvarebransjen? Oj, der gløymde eg noko: dei er jo dei! Sine eigne høge vernarar. Sjølvsagt er det fint med ei fokusendring for dykkar skuld.

Tine kan pusta ut når det gjeld meg. Eg likar ikkje osten frå Synnøve Finden eingong, eg.

Ragnhild

 

God helg

Nett no er eg ganske nøgd. Trur eg kan koma i rute med studiane att, var på eit interessant seminar i går, og har fått min fyrste tekst på prent i Syn og Segn!

Eg har fått fleire gode tips om desse sørgmodiggreiene. Ganske morosame tips, eigentleg. Det artigaste med dei er kanskje å kven som tipsar om kva. Og eg lo godt over dei fem siste tipsa. Kanskje konklusjonen er at det eigentleg ikkje finst ein einskildkur for alle? Trur nok det er rett, men takk for artige tips likevel!

Ragnhild

 

Pausen over

Pausen er over og eg er attende. Litt sliten, men i godt humør. Ser at ingen har funne kuren eg etterlyste før kurbadssopphaldet mitt, men kanskje trengst han ikkje heller? Kven veit?

Ragnhild