Raggisland

Ei hjartesukkside

Eksamenstid

Eg veit at det er på høg tid at eg meiner noko meir på sida mi, men det er ikkje alltid like greitt. Sit midt i eksamen, og då fr eg dårleg samvit kvar gong eg freistar skriva noko.
Men er det ikkje besett at kvar gong det er eksamenstid, vert veret so fint at det er heilt håplaust å sitja inne og arbeida? For to veker sidan snøa det fælt i Volda. Nei, det er ikkje tull. Då sat eg med innleveringar av kommentarar på oppgåvene til medstudentane mine, og det snøa lenge. Då eg hadde levert kommentarane klokka 1200, låg snøen framleis på plenen utanfor huset. No er det sol, sol, sol! Og ikkje pollen! Det er fint med å vera vestpå og ikkje i Oslo! Liggja og kosa seg i sola, utan eit heilt medisinskåp ved sida av seg.

Fyrste eksamen gjekk no heilt strålande, for å ha sagt det. Eg har synt for meg sjølv at eg faktisk har eit visst potensial for å vera student, noko eg har stilt meg tvilande til lenge, og det er utruleg kjekt! I tillegg til at eg kunne min Aasen.

No må eg finna ut litt meir om korleis ulike nasjonar vart bygde, og gjera ei kreativ samanlikning av desse. Vert spanande å sjå kva eg endar opp med der. Det fine med oppgåveskrivinga er forresten at eg får lese mykje interessant og spanande litteratur. Lærer mykje og det er no ein fin ting. Men no må eg vel freista finna ut litt meir om ting og tang som har med eksamen å gjera - medan eg tenkjer på alle dei som er ferdige med eksamen, på syster mi som kosar seg i Australia og alle andre som ikkje treng bry seg om karakterar.