Raggisland

Ei hjartesukkside

Korleis verta konge?

Eg har stundom drøymt om å vera konge. Ein slik gamaldags "all makt i mine hender"- figur. Sleppa å spørja andre til råds. Gjennomføra mine private, geniale idear på vegner av meg og mine og heile verda, utan spørsmål, innvendingar og kritikk. Har ikkje du drøymt slik? "Hadde berre eg fått bestemt korleis lovene var utforma, då hadde det vorte ordnings, då!"

Ja, eg trur eg hadde likt å bu i samfunnet mitt. Men slik er det skjeldan. Dersom eg hadde opphøgd meg til konge og handla på vegner av dei som nesten har same meiningane som meg, utan å ha diskutert med dei fyrst, og faktisk endra lovene - då trur eg det hadde vorte bråk! Det er noko med det fine med demokratiet. Du representerer berre deg sjølv, med mindre at du er valt av nokon til å representera dei. Då bør du ha såpass respekt for dei ein representerer at du ikkje berre handlar ut i frå kva du trur er best for dei, eller deg sjølv, men faktisk finn ut kva dei meiner. Og gjer du ikkje det, kan du bytast ut. Men kva gjer ein med sjølvoppnemnde kongar, som handlar på vegner av "folket"? Korleis staggar ein dei?

 

Er eigentleg ganske blid

Eg forstår at denne sida KAN gje nokon inntrykk av at eg er litt sint. Ja, stundom er eg litt sint, eller irritert, og det er då det er lettast å skriva. No, til dømes, er eg smørblid og har ikkje so mykje å sukka om. Men berre vent!

 

Kritikk - takk?

Det er ekstra lett å setja seg til doms over andre når ein kosar seg litt over at det ikkje er ein sjølv som vert zooma inn og kritikken er retta mot. Og det er uhyre lett å kritisera andre. Og litt godt. Det gjev ei kjensle av reinsing. Ein får det godt med seg sjølv om ein får hakka litt på folk ein ikkje likar. Særleg om kritikken kjem frå ein talarstol eller til og med får plass i media. Og ein vert enno meir nøgd med seg sjølv om ein meiner kritikken råkar knallhardt! Dei fleste likar å tru at analysane deira er dei beste og mest råkande, og dei fleste likar å tru at dei veit litt meir enn dei eigentleg veit. At dei greier å finna den rette x-en og den rette y-en når dei alt har svaret. Problemet er at det finst mange ulike x-ar og y-ar som kan gje same svaret. Og det hjelper lite å hevda at ein eigne framlegg er dei rette om dei ikkje eller knapt har rot i røynda. Klart det er råd å ta opp kampen om kva x og y burde vore, men det er noko med at denne gongen var x lik 1 og y lik 3, og svaret 4.

Ja, detter høyrer med til den skjulte kritikken. Den dårleg skjulte kritikken faktisk. Sidan eg har byrja med å leggja ut hjartesukk, so tenkte eg å halda fram med det. Men kvifor skjult, om enn dårleg skjult, kritikk? Grunnen til det er vel at ein vil sukka høgt slik at andre kan sjå det, men samstundes gjera seg sjølv uanbegripeleg? (Ja, båe delene) Kanskje er ein litt lei seg for at ein ikkje kom på det geniale sjølv? Kanskje kjenner ein seg uteleten frå å leggja dei store planane som slo til? Og aller helst ville ein sjølv ha gjort dei beste analysane eller vore med på noko andre har fått til. Kanskje?

Somtid er ein moralsk oppkava, og kjenner at det viktig å koma med kritikk. Og stundom er det heilt rett å kritisera. Men nett no stør eg meg til den store, kloke boka som alle, om ein skal tru salstala, eig ei utgåve av. Der står det nemleg noko klokt. (Ja, det er jo den store, kloke boka, so det skulle berre mangla) Det står det ( i Joh. 8, 7) at "[...] - Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen"[...]". Eg trur kanskje opptil fleire hadde ropt litt lågare dersom dei hadde hugsa kva dei lærte på skulen. Ja, på skulen. For desse sinte menneska gjekk faktisk på skulen før KLR. Dei gjekk faktisk på skulen på den tida då ein pugga bibelvers, kanskje til og med med forklaringar. (Eg gjorde berre det fyrste.) Hadde dei hugsa dette verset, hadde dei kanskje òg hugsa korleis det heldt fram: - Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Og so kom det ei formaning til syndaren om å ikkje synda meir.

OK, kvar vil eg med dette? Jau, eg vil eigentleg kasta det i fjeset på dei som hyler og skrik i avisene for heilt lovleg, vanleg strategiarbeid i ein organisasjon - ja, som dei sjølve har gjort gong på gong utan å rynka på nasen. Ja, kanskje hadde det vore enklare og kjekkare å arbeida i organisasjonar dersom det var råd å nå fram med å berre seia det ein meinte på ein talarstol. Men diverre er organisasjonslivet for samansett til at saker kan sjåast isolerte. Og skal ein nå fram i organisasjonar fulle av gamle kamphanar som har innteke skyttargravene sine, og som har kome fram til dei rette løysingane på alt, må ein læra av dei og handla som dei. Kanskje kutta ut dei verste om mest usympatiske metodane deira, men likevel – er reglane lagde må ein spela etter dei for å nå fram. Og kanskje greier ein til og med å forenkla reglane med kvart. Men då vert det bråk. Og slik kunne eg halde fram lenge.

Denne dårleg skjulte kritikken kunne sjølvsagt vorte gjort heilt open. Men eg vil ikkje skriva om dette i aviser eller andre stader. Det er eg heilt open om. Eg vil berre seia frå til dei som les sida mi kva eg meiner. Og for dei er ikkje dette dårleg skjult ein gong. Og hadde eg trudd dei ville lesa meir om det, hadde eg sikkert funne fleire bibelvers og andre vers eg kunne bruka for å illustrera kor patetisk dette har vorte.

Til neste gong, Raggis.

 

Om å skriva tull

Har du opplevd korleis tekstar stundom kan irritera vitet av deg? Småe setningar som øydelegg alt? Ikkje veit eg, men i dag sat eg til dømes og las om teoriar om 19-års syklusar i meteorologien, slavisk målreising, ordbøker og nordiske språk. Og etter lange saklege, stundom velskrivne bolkar, kjem brått ei av desse flåsete formuleringane som gjer at konsentrasjonen forsvinn og alt stoppar opp. Og slike formuleringar er det visst nok av!

Det er noko med desse som har fått gode posisjonar og lever av skriving. Desse som gjerne påstår at dei meiner lite, men som veit alt? Kanskje er dei redde for å verta for tørre og keisame. Dei elskar i alle høve å koma med slike besserwisser-kommentarar som driv meg til vanvit. Det ligg noko der, oftast altfor tydeleg oppe i dagen, men utan å liksom verta sagt; eg veit noko ikkje du veit! Noko som skal riva ned eller som heilt meiningslaust riv ned eit bilete av ein person. Mest som om eg skulle skrive ei lang utgreiing om favorittskribenten min og til slutt lagt til: ”No kunne eg sjølvsagt nemnt at N.N. har ei utruleg dårleg kroppslukt, men lat ikkje det skugga for det fantastisk nyskapande arbeidet han til ei kvar tid leverer.” Heilt meiningslaust å leggja til, om ikkje poenget er å gje eit ekkelt bilete eller eit inntrykk av at vedkomande er litt galen.

Du les teksten og stoppar opp. I ein brøkdel av eit sekund er du om å trekkja på smilebandet, men i neste vert du mest sint. Frykteleg irritert spør du deg sjølv kva det er som får desse folka til å strøy om seg med slikt?
Eg tenkjer ofte på å knyta dette "fenomenet" til konkrete personar. Kunne kalla det "Per-syndromet" eller noko, men det ville nok vore for omsynsfullt i høve til alle dei andre akademikarsyndarane som lir av same sykja, og kanskje litt urettvist i høve til dei personane eg tenkjer på når eg les slikt.

So oppmodinga mi er: Slutt å øydeleggja lesedagane mine på dette viset! Ver so snille!